Oss har møte ein tysdag i kvar månad unnteke i juli-august. Sjå kalenderen.
Det kan og vera temamøte/turar og kurs utanom dette.
Møtestad: 2. etasje i Loarsenteret
Møtekalender finn du i kalenderen «Kva skjer».
Hugs, ta med kameraet når du er ute i «kvardagen».
Alle medlemer har høve til å bruke laget sitt utstyr
til å arbeide med avfotografering, digitalisering av bilete, fotoutskrift med meir.
Minikonkurransar: kvar deltakar kan levere inntil 2 bilete (digitalt).
Tema for konkurransa står i møteplan og kalender.
Eit og same bilete kan delta i minikonkurransa ein gong.
Juryering på møtet ut frå desse vurderingane: Teknikk (0-5 poeng), Appell (0-10 poeng).
Ansvarleg: kjem ein halvtime før møtet for å låse opp, ordne utstyr, koke kaffe etc.