Medlemsmøte

Haukugle-Asbjørn Myrhaug

Medlemsmøte – informasjon

Oss har vanlegvis møte fyrste tysdagen i kvar månad
unnateke i juli og august.
Det kan og vera temamøte/turar kurs og arbeidsmøte utanom dette.

Møtestad: 2. etasje i Loarsenteret

Møtekalender finn du i menyen «medlemsmøte»

Hugs, ta med kameraet når
du er ute i «kvardagen».

Program hausten – 2025 pdf-fil

Last ned her som PDF-fil

KALENDER

Klubbmøte – ope for alle

Klubbmøte: Loarsenteret 2. etg. kl. 18.30

  • Temakveld – makrofotografering.
  • Steinar viser fokusstabling av bilder med pc.
  • Liten arbeidsøkt med makrofotografering.
  • Ta med kamera, stativ og evt. makroobjektiv.

Visning: Ta med inntil 5 eigne makrobilder.

Ansvarleg: Asbjørn

Les mer

Bruk av Knipsarlaget sitt utstyr

Alle medlemer har høve til å bruke laget sitt utstyr til å arbeide med avfotografering, digitalisering av bilder, fotoutskrift (inntil A3+) med meir.

Minikonkurransar

Når det er minikonkurranse på medlemsmøte kan
kvar deltakar levere inntil 2 bilete (digitalt). 
Bildestorleik: Max 1 MB og 2400 pixlar på lengste side.
Tema for konkurransa står i møteplan og kalender.
Eit og same bilete kan delta i minikonkurransa ein gong.
Juryering på møtet ut frå desse vurderingane: Teknikk (0-5 poeng), Appell (0-10 poeng).

«Ansvarleg» for møte – oppgåver

  • Hentar nøkkel
  • Kjem ein halvtime før møtet
    finn fram utstyr/Prosjektør etc
  • traktar kaffi