Medlemsmøte

Haukugle-Asbjørn Myrhaug

Medlemsmøte – informasjon

Oss har vanlegvis møte fyrste tysdagen i kvar månad
unnateke i juli og august.
Det kan og vera temamøte/turar og kurs utanom dette.

Møtestad: 2. etasje i Loarsenteret

Møtekalender finn du i menyen «medlemsmøte»

Hugs, ta med kameraet når
du er ute i «kvardagen».

Program hausten-2024

Last ned her som PDF-fil

KALENDER

Medlemsmøte 3. desember

Medlemsmøte kl 18.30

  • Framsyning av bilde frå Veodalsturen.
    Ca 10 min pr. deltakar.
  • Var du ikkje med til Veodalen?
    Ta med og vis bilde frå juli-sept. 2024

Loarsenteret 2. etg.

Ansvarleg: Øyvind

Les mer

Medlemsmøte 7. januar-25

Medlemsmøte kl 18.30

  • Visning av 10 bilde kvar frå 2024
    og evt. ein video på max 3 min. pr. deltakar.
  • Liv Marie viser bilde frå Antarktistur – 2024

Loarsenteret 2. etg.

Ansvarleg: Asbjørn

Les mer

Bruk av Knipsarlaget sitt utstyr

Alle medlemer har høve til å bruke laget sitt utstyr
til å arbeide med avfotografering, digitalisering av bilete, fotoutskrift med meir.

Minikonkurransar

Når det er minikonkurranse på medlemsmøte kan
kvar deltakar levere inntil 2 bilete (digitalt). 
Bildestorleik: Max 1 MB og 2400 pixlar på lengste side.
Tema for konkurransa står i møteplan og kalender.
Eit og same bilete kan delta i minikonkurransa ein gong.
Juryering på møtet ut frå desse vurderingane: Teknikk (0-5 poeng), Appell (0-10 poeng).

«Ansvarleg» for møte – oppgåver

  • Hentar nøkkel
  • Kjem ein halvtime før møtet
    finn fram utstyr/Prosjektør etc
  • traktar kaffi